Open verkstad · Valen

Velkommen til Valen og open verkstad!

Annan kvar veke, inviterer vi til open verkstad, der vi har ordna med emner til mindre spikkeprosjekt. Ta med verktøy eller lån av oss. Les meir om opne sløydkveldar i informasjonen under.

Ta med eigen kopp. Aktiviteten skjer på eige ansvar. Pris 40 kr.

IMG_9803.JPG

Neste sløydkveldar

  • Torsdag 24.10
  • Onsdag 7.oktober
  • Onsdag 21. oktober
  • Onsdag 4.novemer

Obs! Endringar kan førekome.

Pris: 40 kr (Vipps)
Aldersgrense: 16 år
Påmelding: Ingen påmelding
Sted: Valen

Om Valen Sløydverkstad

Valen Sløydverkstad er ein nyetablert verkstad med fokus på trearbeid og handverktøy. Vi har opne kveldar for deg som vil sjekke ut av kva det er eller har lyst til å lære eller friske opp i spikkeferdigheitene. Det vil vere ein vert som kan hjelpe deg i gang med eit enkelt prosjekt. Alle er velkomne, men vi har ein aldersgrense på 16 år. Du må fikse ulykkesforsikring i tilfelle uhellet er ute, då aktiviteten skjer på eige ansvar. I desse dagar jobbar vi og med å lage eit medlemssystem, som vi vil gå ut med denne hausten. Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på sloydfest@gmail.com

Slik er kvelden

Vi har plass til om lag 20 sløydarar, på Valen, så her vil det vere fyrste til mølla som gjeld i tilfelle det vert fleire enn det. Ingen påmelding.

Vi ordnar med emner til småsløyd slik som skeier og anna småtteri. Ta med eige spikkeutstyr som kniv og slik om du har. Det er òg moglegheit til å låne. Det vil vere eit par erfarne spikkarar på plass som kan hjelpe deg i gang med skeier t.d om du er nybyrjar, eller treng litt repetisjon.

Pris 40 kr (Vipps). Ta med eigen kopp, så kan du få noko varmt i koppen. Meld deg inn i FB-gruppa: Valen Sløydverkstad, eller fylg med på sloydfest.no —> Kva skjer/ Valen Sløydverkstad.

Viktig

VIKTIG: Du må ordne med eigen ulykkesforsikring, og du er ansvarleg for deg sjølv under aktivitetane på Valen. Vi har tilgang til grunnleggande fyrstehjelpsutstyr dersom uhellet skulle vere ute.

Aldersgrense 16 år.

Vil du engasjere deg?

Er du interessert i å engasjere deg i verkstaden og bli med på dugnader? Du er velkommen til å ta kontakt på sloydfest@gmail.com.

Ta kontakt →

Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB og Sparebanken DIN Bø for viktig og god støtte.