Nordisk handverksfestival · Seljord, Telemark

Grøn sløyd, kurs, foredrag, marknad og bål.
Skaparglede og fellesskap – med hendene i arbeid.

Billettar og påmelding →

Handverk · fellesskap · skaparglede

Ein handverksfestival for nysgjerrige, nybyrjarar og erfarne

Sløydfest samlar folk som vil skape med hendene. I Seljord møtest vi til grøn sløyd, kurs med nordiske instruktørar, foredrag, marknad og gode samtalar rundt bålet.

Kom for å lære noko nytt, dele kunnskap og bli del av eit varmt handverksfellesskap.

Bli kjend med festivalen →

Festivalplakaten for Sløydfest 2026
Festivalplakaten frå Sløydfest 2026

Karvsnitt

Kurs

Lær handverk med hendene. Utforsk kurs med dyktige instruktørar for ulike ferdigheitsnivå.

Sjå alle kursa →

Handverksmarknad

Handverksdagen

Ein fest for store og små med handverksmarknad, aktivitetar, demonstrasjonar og utstilling.

Les meir →

Seljord Folkehøgskule

Praktisk info

Overnatting, mat og reise til Seljord. Finn det du treng for å planleggje festivaldagane.

Planlegg besøket →

Mat og overnatting →

Verda treng sløyden!

Sløydfest ønskjer at alle skal ha tilgang til god handverkskunnskap. Vi vil at alle skal ha råd til å lære seg handverk!

Les om Sløydfest

Glimt frå Sløydfest

Handverk, folk og skaparglede – frå tidlegare festivalar.

Huggskål på Sløydfest
Huggskål
Kolrosing på Sløydfest
Kolrosing
Sløydswap på Sløydfest
Sløydswap
Svarvestol på Sløydfest
Svarvestol
Knivslirer på Sløydfest
Knivslirer
Midtsommarfeiring på Sløydfest
Midtsommarfeiring
Økseteknikk på Sløydfest
Økseteknikk
Ølhøna på Sløydfest
Ølhøna

Foto: Leif Gabrielsen og Benjamín Villela Guzmán

Sjå fleire bilete →

Les om tidlegare festivalar →

Sløyd og fellesskap på Valen

Sløydglede gjennom året

Valen Sløydverkstad

Sløydfest lever vidare mellom festivalane. På Valen møtest vi til handverk, læring og fellesskap.

Ein stad for å arbeide med hendene, dele erfaringar og møte andre som er glade i sløyd.

Les om Valen Sløydverkstad →

Hald deg oppdatert

Følg Sløydfest for nytt om festivalen, kurs og sløydglede gjennom året.

Følg på FacebookFølg på Instagram

Takk til alle som gjer Sløydfest mogleg

Sløydfest blir skapt av frivillige eldsjeler – og av gode samarbeidspartnarar og støttespelarar som har trudd på oss frå starten.